Vil du bli lærling i i BKS-konsernet?

Selskapa i BKS-konsernet satsar på å få inn fleire lærlinger - og gje ungdommar ein god og sikker veg inn i arbeidslivet.

Lærlingar er eit viktig satsingsområde, og per i dag er det fem lærlingar i konsernet innan sveisefaget, røyrfaget og industrimekanikarfaget. Fire av desse jobbar på Sunde, medan éin er stasjonert i Stavanger.

Sjekk kva desse lærlingane meinar om det å jobbe i BKS.

(Tekst henta frå BKS informasjonsavis juni 2021)

F.v.: Haldor Sørstrømmen, Magnus Løberg, Jon Harald Kloster og Steffen Bekkenes

Magnus Løberg (21)

Lærling industrimekanikar

– Eg trivst godt. Det er mykje variert arbeid og eg har fått vore ute på reisejobbar. Eg ville koma meg ut

i arbeidslivet, difor valde eg å bli lærling.

– Eg var utplassert hos BKS frå skulen tidlegare. Dessutan kjenner eg mange som jobbar her.


Haldor Sørstrømmen (21)

Lærling industrimekanikar

– Eg trivst bra! Det er allsidig arbeid, og eg får prøva mykje forskjellig. Eg har vore på reisejobbar, og det

var kjekt. Det er ein aktiv og variert arbeidsdag.
– Eg kjenner mange som jobbar hos BKS, og tenkte det ville vera greitt å søka seg hit. Dessutan tør bedrifta å satsa på unge – noko eg ser på som positivt.


Jon Harald Kloster (23)

Lærling sveisefaget

– Eg trivst godt hos BKS. Det er kjekke folk å jobba med, og eg får mange utfordringar i kvardagen.

– Eg har ein onkel som jobbar her, difor ville eg til BKS.


Steffen Bekkenes (18)

Lærling industrimekanikar

– Eg likar meg godt hos BKS, kjekke folk og varierte arbeidsoppgåver. Dette er ein god veg ut i arbeidslivet.

– Grunnen til at eg valde BKS, er at eg allereie kjenner mange folk som jobbar her.


For spørsmål om lærlingplass i BKS-konsernet, ta kontakt med HR-ansvarlig konsern Jeanette Skatvold på epost: jeanette.skatvold@bksas.no

KonsernetGasta Design